Påska og det Jesus gjorde i påska er ein hjørnestein i den kristne trua. Hovdudsaken er at Jesus sona stedfortredande våre synder på korset og slik vann over døden og vondskapen, opna vegen til Gud på ny for alle menneske som vil tru på Han. I dei fortetta forteljingane i Jesu lidingshistorie spelar det seg også ut eit heilt livsdrama. Innanfor død og liv er det store kontrastar, relasjonar som brist eller ber, karakterar som raknar eller blir oppreiste. Det er historia om svik, løgn, falske vitner, spott og vondskap. Men det er også forteljinga om korleis Jesus, i dei verste dagane av hans jordeliv, skapte fellesskap, gav tilgjeving, gjenoppretta og forsona menneske med ein intenst elskande Gud. Gjennom det ingen skulle tru kunne føre noko godt med seg: At han lot seg fange, torturere og krossfeste, gjorde Jesus FOR oss det ingen kan klare for seg sjølv: Han gav oss frelse!
Ei kjensla vi alle har frå tid til anna, er at det er noko riv ruskande galt med verda, det er noko gale med meg og med dei eg kjenner. Vi kan meine godt, men ting kan fyke fullstendig galt av stad. Vi vektar ofte dårleg eigeninteresse mot dei andre sine behov. Og av og til gjer vi sårande overtramp og turar fram over andre sine grenser med overlegg og vitande vilje.
«There is a crack in everything», sang Leonard Cohen og traff spikaren på hovudet. Det er noko øydelagt i oss og rundt oss. Tenk på det skjøre egget – med sprekker i.
Gud valde ikkje å ganske enkelt berre kaste alt det sprekte på søppelhaugen og så starte på nytt. Då hadde du og eg vore ferdige. Nei ,i rein kjærleik, fordi han elskar alt det sprekte, lot han Jesus knuse, så vi gjennom hans sår kunne finne lekedom og verte heile igjen.
«That´s how the light gets in» fortset Cohen. Det store er ikkje at Gud elskar det fullkomne, men det ufullkomne. Nåde er ikkje at Gud tek imot dei kvalifiserte, men kvalifiserer dei han elskar, desse ufullkomne sprukne menneska, gjennom Jesu død og oppstode!
Som etterfølgjarar av Jesus finn vi alt vi treng i påskeforteljingane, både det vi treng å vite om kven Gud er og kven menneske er, men lærer også det vi treng for å forstå korleis vi skal leve.
I denne korte serien vil vi nytte påskefortellingane til å trekke fram 4 gåver som Jesus gjev oss. Alle 4 flyt naturleg ut av påska. Gjennom nokre forholdsvis korte tekstar frå Lukasevangeliet, ser vi korleis Jesus matchar 4 tydelege og svært menneskelege behov vi har med 4 fantastiske gåver Jesus gjev. Dette er rein nåde til oss, for ingen av oss fortener desse gåvene. Tekstane gjev eitt eksempel på forhold det finnast rikeleg av andre eksempel på i påskefortellingane, men også mange, mange andre plassar i bibelen. Men teksten er utgongspunkt for å kunne byggje ei bru inn i mi og di livsverd av kjensler og erfaringar. Og så får vi ta imot. Ta imot Jesu gåver til oss.
4 påskegåver - samling nr 1
Jesus gleda seg til å feire påskemåltidet, verdas eldste religiøse måltid, saman med sine læresveinar. Frigjeringa frå Egypt, blodet frå påskelammet som vart pensla over dørene så alle innanfor vart berga, utvandringa frå fangenskap og slaveri – oppsummert i eit måltid. Rundt dette samlar Jesus dei som han «inderlig har lengta etter å feire påskemåltide saman med». Tradisjonelt er det den næraste familien som feirer dette måltidet saman. Rundt Jesus skapast ein ny familie, ein familie der du og eg får høyre til. Og du verden, det behovet for å høyre til, deler vi med alle menneske.
Vi treng å høre til, og åleine er vi ikkje spesielt robuste. Så mykje av livet vårt frå barn av og langt inn i alderdommen, handlar om å få høyre til. I Jesu familie sit Judas som svik og Peter som fornektar og alle dei andre som forlet Jesus i frykt nokre timar seinare. Jesus samlar dei alle som ein og gjev dei ein plass rundt bordet. Det er desse han vil vere saman med.
Kor enn du har vore, kva enn du har gjort – Jesus vil at du skal få høyre til i hans familie.
4 påskegåver - samling nr 2
Val står vi i heile tida, og ved vala våre fortel vi andre om kven vi er, kva som er viktig for oss og kva vi tykkjer er verdifullt. Det er ikkje enkelt alltid, å vite kva som er rett. Og andre gonger veit vi det så altfor godt, men det er freistande å velje det komfortale, det enkle, det minst krevjande. I ekstreme tilfelle kan vi til og med ha sympati for å velje vekk det rette. Vi skjønar at å oppretthalde eige liv kan vinne over å vedkjenne sant kven eg trur på, f. eks (som forresten både har vore og er eit val mange kristne har stått overfor). Oftare enn vi tenkjer over, har vi alle ein hang til å ofre både sanning og rettferd, ja til og med eigen integritet og ideal for å unngå det ubehagelige og krevjande.
Jesus kjende også på denne freistinga. Så overmanna av frykt for det som låg føre var han, at han sveitta blod, og bad om å få sleppe. Men han fekk kraft til å gjere det rette. «Ikkje som eg vil, men som du vil».
Påskeforteljinga er full av folk som gjer val.
Ein nøkkel til å velje riktig, når vi står i slike situasjonar, ligg i å vite at vi alle, uansett, kjem vi til å måtte miste livet vårt. Kva, eller kven skal eg miste det til? – det er det som er spørsmålet. Til løgna eller sanninga? Til eigen komfort – eller eit høgare gode? Jesus gjorde sit val. Han valde deg, og meg. Koste kva det koste vil.
4 påskegåver - samling nr 3
Påskeforteljinga er full av menneske som gjer grove brølarar. Det høge rådet fører falske anklagar mot Jesus, og dei veit det. Jesu vener stikk med halen mellom beina. Guds son, verda sin frelsar, vert slegen helselaus, spotta, fornekta, vert logen om, sviken og audmjuka og fullstendig fornedra. Kaifas, Judas, Peter, Herodes, Pilatus, røvarar, skriftlærde, soldatar og bødlar: Dei hånar han som gjev livet sitt på denne måten FOR dei! Bjørn Eidsvåg seier i sin låt «Kyrie»: «Og eg har tenkt det sko 'kje eg ha gjort». Men erkjenner likevel i siste vers, at heller ikkje eg ville vore ein from helt her, mer blant dei som aktivt eller stillteiande lot Jesus korsfeste.
Gjennom ein rekke konkrete synder havner Jesus på korset for der å bli «Guds lam som ber bort verdsens synd». All verdens synd. Frå krossen ber han: «Far tilgje dei, for dei veit ikkje kva dei gjer». Kor langt rekk Guds rettferd og kjærleik, lurer du kanskje på? Den rekk inn i døden ... og vidare.
Korset er oppgjeret vi treng for å kunne gå vidare med livet i behald, ja ikkje berre i behald med forvandla. For ved korset kan vi legge frå oss alt som tyngjer, alle våre synder og motta Jesu nådige tilgjeving, frå han som gjorde nettopp dette fordi han er glad i oss – glad i deg!
4 påskegåver - samling nr 4
Har du nokon gong lengta etter å kunne få starte på nytt? Ønska desperat at såret du ber på skal gro, at saknet som riv i deg skal ta slutt, at det intense håpet skulle bli røyndom? Har du nokon gong tenkt: «skulle ønske eg ikkje hadde gjort akkurat det!»? Eg skulle så gjerne kunne reise tilbake i tid og endra, fiksa, reparert - det som øydela så mykje.
Om du nokon sinne har tenkt eller kjent på slike ting, har du kjent på lengselen etter og behovet for fornying – for oppstode!!
Tredje dagen finn kvinnene og læresveinane grava til Jesus tom. Han som sa om seg sjølv at han var «Oppstoda og Livet», meinte det ikkje som ein pompøs metafor eller kunn eit symbol – han meinte det heilt reelt. Og med Jesu oppstode frå dei døde, er Guds nyskaping av verda i gong. Det betyr at nytt liv kan bryte fram ut av det som berre verkar dødt og ferdig. Det betyr at lyset kan stråle fram gjennom det som er mørkt. Det betyr ny start, blanke ark, nytt liv ikkje berre er mogleg for den som trur, men Jesu gåve til alle som trur.