Taleserie og smågruppeopplegg tidleg vår 2025

Omtale av serien og samlingane - PDF

PDF med heile gruppeopplegget

Dette smågruppeopplegget ligg her gratis og tilgjengeleg. Men har du nytte og glede av det, så vipps gjerne ein slant til Møtepunkt B på vippsnr. #540162 og merk med “takk for smågruppeopplegg” eller liknande.

Alle system, alle verdsbilete, alle fortellingar og førestillingar har eit grunnlag, noko som resten kviler på. Sånn er det jo eigentleg med det meste her i livet: Skal du springe maraton eller Svinestranda opp, bør du ha eit trenings-grunnlag. Skal du bli god på eit instrument må du legge inn mange øvingstimar. Skal du bygge hus må du støype ein god og solid grunnmur.

Alt kviler på eit grunnlag – eit fundament.

Kristen tru kviler på eit fundament - nokre bærande sanningar. I våre dagar er det ganske vanleg å tenkjer at kristen tru først og fremst handlar om bestemte kjensler eller ein bestemt moral, men verken kjensler eller moral har særleg god bære-evne. Difor handlar ingen av desse sanningane direkte om handlingar eller kjensler vi skal ha. Det dei gjer, er å opna opp ein heil verkelegheit som etterkvart sjølvsagt vil innehalde handlingar og kjensler. For fundamentet i kristen tru byggjast ikkje av deg eller meg, men av Jesus sjølv. Dei handlar om kven Han er og kva Han gjev.

Desse sanningane er som hjørnesteinar i eit kristent verdsbilete. Jo meir du kjenner til dei og blir fortruleg med dei, jo meir stødig vert det meste anna i trua.  

I vårt sekulære samfunn har mange ikkje har hatt eit aktivt forhold til kristen tru på fleire tiår. På den eine sida inneber dette at mange kristne kan ha eit lite bevisst forhold til kva dei eigentleg trur på. På den andre sida kan vi føresjå at dei som ikkje er kristne vil ha nokre barrierar for å kunne forstå kva kristen tru eigentleg handlar om.  

Men det ligg eit lite klimaskifte i lufta. I det siste har fleir og fleir vist ny interesse for kristen tru og er starta å verte nysgjerrige på kva innhald som eigentleg ligg her. Då er det ein god idé og ruste oss til å kunne svare og vere gode samtalepartnarar. Så kanskje er det tid til å børste støvet av nokre eldgamle, evigunge og fantastiske sanningar og få eit aktivt forhold til dei.   


Fundament- samling nr 1

Skaping

Gud har skapt verda og alt i henne. Vi møter Gud i bibelen som Skapargud. Konsekvensane av denne sanninga er enorme: Du er villa. Du har verdi og føremål. Du er skapt til å vere menneske, ikkje meir, ikkje mindre. Du er skapt i Guds bilete med evner og kreativitet til å vere medskapar. Du har fått forvaltaransvar for skaparverket og skal få nyte av skaparverkets goder. Du skal få leve i håpet om at Gud ein gong vil gjere alle ting nye. Du kan kvile i at Guds mektige skaparhand vil styre verda mot riktig destinasjon.

Skaparteologien er med å halde oss i fast i verkelegheita. Og denne verkelegheita sentrerar ikkje rundt menneske, men Gud.


Fundament - samling nr 2

Synd  

1.Mos 2,16-17 og 3,1-9
PDF med gruppeopplegg

Kva er problemet, eigentleg? Alle som har vore utsett for andre sin egoistiske hang til å setje seg sjølv først, har følt kva synd er. Alle som ser nyhende, veit at det er vondskap i verda. Alle som har kjent på lysta til det vonde eller skadefryd over at nokon du ikkje likar får som fortent, vet kva synd er. Synd er grenseoverskridande, vi gjer det og det vert gjort mot oss.

Den kristne læra om synd er ikkje eit forsøk på åtferdskontroll eller å røve glede og spenning frå nokon. Det er derimot ei svært realistisk erkjenning av kva som er gale med verda – og meg. Essensen av synd er opprør mot Gud og ei overtru på at rolla som Gud fiksar eg best sjølv.  Synd handlar om ei djup grunnstrøyming i livet. Haldningar, handlingar, kjensler, vilje, relasjonar, val – alt er påverka av synd.

Vi treng ein frelsar og vi treng tilgjeving.      


Fundament - samling nr 3

Nåde      

Nåde er kanskje det mest særeigne i kristen tru. Meir enn noko anna seier det noko om kva hjartelag vår Gud har. Nåde er det motsette av karma, det er å ikkje få som fortent, men å få det ein ikkje fortener. På grunn av synd kan ingen fortene frelse. Vi er difor støkk i eit tilhøve der vi er i opprør mot Gud. Når alt kjem til alt skuldar Gud oss ikkje noko anna enn ei kald skulder. Likevel, tar han imot oss, betalar prisen for vår skuld og bær skamma vår opp på eit kors, så vi kan få leve.

Nåde er Guds kjærlege, trufaste godvilje mot oss, trass vårt opprør mot han. Difor er nåde også ei heftig kraft som set i gong ein heilt ny måte å leve på. Nåden flyt ut frå eit møte med Jesus og inn i alle krinklar og krokar av livet.  Det kristne disippellivet er difor eit liv som følgjer av at du tek nåden i bruk på stadig fleire områder av livet ditt.


Fundament - samling nr 4

Tru

Kva er tru, eigentleg? Ei kjensle av tilknyting? Tillit? Eit sett med religiøse dogme eg meiner er sanne? Eller er det å gjere bestemte åndelege ting? Er det lydnad? Er tru noko eg mønstrar fram sjølv, eller er det ei gåve?

Det viktigaste om trua er kven den retta seg mot: Jesus. Difor er tru eit aktivt relasjonsord meir enn noko anna. Det er ikkje noko du kan lokalisere til hovudet, først og fremst, eller i kjenslelivet eller i hendene. Men tru er ei tillitsfull klamring til at Jesus er den han seier han er og gjev meg sine gåver. Tru bur i heile livet, er for heile livet og omfattar alle delar av heile deg. Ho er gjeve deg av den heilage ande og veks i møte med Guds heilage Ord.