Taleserie og smågruppeopplegg haust 2021

«Nei, de er medborgarar saman med dei heilage og høyrer Guds familie til.»

Orda er frå efesarbrevet i bibelen og er tiltenkt dei kristne for å minne dei om at dei høyrer til i ein trusfamilie. Det kristne livet er ikkje eit «meg og mi private tru»-greie, men at du høyrer til det kristne fellesskapet. Merkar du kanskje den doble meininga i dette? Eg høyrer til i Guds familie og eg er Guds familie sin. Det kristne fellesskapet er både ditt og du er fellesskapet sin.

Det er ikkje primært innstilt på kjernefamilien, men på at vi saman er Guds familie. Unge og gamle, små og store, gifte og single, frå ulike sosiale sjikt, med ulike livsfasar og livssituasjonar: Alle har vi fått Gud til far i trua på Jesus og er dermed kvarandre sine søsken. Livsreisa og trusreisa gjer vi ilag. Vi er ganske enkelt skapt for fellesskap og frelst til fellesskap.

Om vi er ærlege, er likevel erfaringane våre av nettopp denne familien paradoksal og til og med full av motsetningar. For den består jo av så mange rare folk, denne familien, som er så annleis enn det eg er. Konsumenten i oss tenkjer ofte at kyrkja ikkje er tilrettelagt nok for meg og mine behov. Nevrotikaren i oss kan frykte å verte avslørt. Egoisten i oss har betre ting å bruke tida si på. Det sårbare barnet i oss fekk ikkje bekrefting nok og klatraren i oss fekk ikkje fine nok folk å sole seg i glansen av eller bragder verdifulle nok til å føre opp på CV’en. Og syndaren i oss genererer rikeleg med skuld og skam inn i livskjensla vår, som gjer at vi tenker det kanskje er like greitt å halde seg borte.

Men det er kanskje midt i alle slike skuffelsar, at familiebiletet fungerer så godt og er så sant. Vi har ikkje valt kvarandre, men er gitt til kvarandre. Vi har ikkje luksusen av å velje kvarandre vekk. Vi må vokse og utvikle oss og modnast saman. For det er i denne familien vi best kan lære det Jesus ønskjer at vi skal lære og leve i det Jesus ønskjer vi skal leve i. Difor er Guds familie ein del av Guds gåve til deg og meg!

PDF med skildring av taleserien


Guds familie - samling nr 1

plass for meg?

Markus 2,14-17
PDF med gruppeopplegg

Det er ikkje spesielt sjokkerande at landssvikarar vert uglesett av samfunnet sitt. Det er difor rimeleg oppsiktsvekkande at Jesus ønskjer seg Matteus/Levi inn i sin inste sirkel av apostlar. Like støytande er det at han er saman med og deler bord med dei som samfunnet med ganske god grunn held utanfor. Dette var oppsiktsvekkande då, og det fører til at Jesus må forhalde seg til kritikk og mistenkeleggjering frå ganske tidleg av i si teneste. Men dette er Guds plan, og det er for slike folk Han er komen. «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei sjuke», seier Jesus.

Kven er det plass til rundt Jesus? Og i samband med det spørsmålet: Er det plass for meg? For meir enn vi trur, går svært mange rundt og ber på hemmelegheiter og erkjenningar av oss sjølv som vi er redde for at skal komme ut. Vi har ei indre stemme som skuldar oss for å ikkje vere den personen vi veit vi burde og for at vi har gjort ting som indikerer at vi kanskje ikkje er det fantastiske menneske vi skulle ønske vi var.

Då må vi vere eit fellesskap som – som Jesus – seier. Velkommen inn: det er plass for deg!


Guds familie - samling nr 2

tilgjeving

Vi lev i ei tid der internett og sosiale medium held sirleg kontroll på alle meiningar, alle ytringar, alle bilete, alt du nokon gong har delt. I ei tid som hevdar å skulle vere opnare, rausare, friare og meir inkluderande enn nokon gong. I ei tid som meir enn noko anna verdsett «det å vere seg sjølv 100%». Er det ikkje påfallande då, korleis det knallhardt vert påpeikt feil og avvik med fornya styrke i både nye og gamle gapestokkar? Feile meiningar ytra på feil måte er – i vår tid – nesten utilgjeveleg. Brot på «sekulær ortodoksi» er så ugreitt at fleire ungdomsundersøkingar syner vegring og frykt for å stå tydeleg fram med både den dei er og det dei meiner. Ja, vaksne også.

Om det er slik i samfunnet, burde det ikkje vere slik i kyrkja: For i tilgjevinga ligg oppreising, ny start, nye sjansar, ny verdighet og nytt håp for enkeltmennesket som har dumma seg ut. Tilgjeving opnar opp fellesskap, nye moglegheiter. Det gjev den som vert tilgjeven ei gåve: du får likevel vere med å leike. Tilgjeving skapar ein verkelegheit der vi ikkje blir parkert i våre feilsteg, men blir satt fri til å bli meir og betre i morgon enn det vi er i dag.

Jesus betalte ein skyhøg pris for å tilgje oss. Han gav livet sitt, og byd oss ha med oss denne impulsen til å tilgje inn i våre relasjonar. Slik Jesus er mot deg, slik skal også du vere mot andre. Tilgjeving gjev fantastisk vekstgrunnlag for Guds familie.


Guds familie - samling nr 3

ny lydnad

Sakkeus var ein liten mann, men han hadde ei stor oppleving. Eit møte med Jesus som forvandla livet hans. Apropos førre tema, er dette eit godt eksempel på tilgjevinga si kraft til å forvandle. Der han tidlegare stal og røva og urettmessig kara til seg sjølv, gjer han no det motsette. I Jesus møtte han noko sterkare en eiga vinning og dette veltar den gamle lydnaden Sakkeus hadde til kva enn det no var som forma åtferda hans. Ein ny lydnad mot Jesus gav eit heilt anna åtferdsmønster i staden. Ekte møte med Jesus gjer dette med oss. Vi går ikkje uberørte vekk i frå Han.

I Guds familie skal vi kunne forvente at denne nye lydigheten vert kultivert fram gjennom dei ulike «familieaktivitetane våre». Aksepten og tilgjevinga frå Jesus fører oss inn i Guds familie som søner og døtrer av Gud, gjer oss til kvarandre sine søsken i trua, slik at vi saman kan stimulere og motivere og heie kvarandre fram i ny lydnad mot Jesus.


Guds familie - samling nr 4

fri til å tene

Så vi får høyre til, vi vert tilgjevne, og vi skal følgje Jesus med liva våre. No er det vel tida for at ambisjonar får få litt spelerom, slik at vi kan vokse oss store og sterke og få roller og bli satt over stadig større ting? Vi må jo nytte denne fridomen til noko, sant? Jo, vi skal nytte denne fridomen til noko, men det er ikkje til å herske. Vi er frigjort til å tene.

«Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange», sa Jesus og minna sine om at i hans familie er dei største dei som er viljuge til å bli minst og dei første dei som kan tole å kome sist. Leiarskap i Guds familie er tenarskap. Kvar gong nokon ikkje forstår dette, er det fare på ferde. Våre ulike roller i Guds familie er innstilt på løfte andre, ikkje seg sjølv.

Det fine når det er slik, er at det frigjev og løyser ut både ressursar i og hos den enkelte som blir alle andre til del. Du får del i det andre deler og dei får del i det du deler. Og vi har alle del i den frelsa Jesus delte og gav då han gav livet sitt på eit kors for oss alle. Det frigjev oss frå sjølvfokus og egoistiske ambisjonar og det vert verken trussel eller dumt at andre kan løftast opp. Det er til og med fint.

Video vist i Vegard Tennebø sin tale om temaet.