Taleserie og smågruppeopplegg sein vår 2025

Omtale av serien og samlingane - PDF (nedst)

Dette smågruppeopplegget ligg her gratis og tilgjengeleg. Men har du nytte og glede av det, så vipps gjerne ein slant til Møtepunkt B på vippsnr. #540162 og merk med “takk for smågruppeopplegg” eller liknande.

Etterkvart som den digitale kvardagen for alvor har festa seg hos oss, er ein av dei paradoksale effektane at vi vert meir einsame. Vi tenkjer at vi er travelt opptekne med å bygge relasjonar, knyte og oppretthalde kontakt med stadig fleire, men det vi faktisk gjer, er å kople oss frå – ikkje på. Det er – og dette er nytt -  ikkje lengre sjølvsagt å prioritere dei som fysisk er nær meg, men heller vie merksemda mi til dei som eg føler meg digitalt nær.  Vi har byta ut sosial djupn, med sosial breidde.

Dette gjer noko med oss. Det verkar inn på tidsbruken vår, evna til nærvær, sosial-kompetanse og ikkje minst merksemda vår. Det bidreg til ei kjensle av travelheit, for det er mykje eg må rekke å skrolle meg igjennom. Vi kan kjenne på avmakt, for gjennom telefonen har heile verdas nød gjort seg gjeldande i mitt hus. Korleis kan eg forsvare å bry meg om gatas barn når Gaza brenn? 

Gud har invitert alle menneske inn i si frelse, og som kristne er vi gjeve eit fantastisk privilegium: å få invitere folk heim til Gud. «De er mine vitne», sa Jesus

Dette oppdraget levast best ut der vi er, men då må nesten merksemda vår også vere med. Oppdagar vi alle moglegheitene for å invitere som vi presenterast for kvar dag? Den eldre dama som kunne hatt god bruk for litt selskap i ny og ne. Den slitne småbarnsfamilien som vi kunne hatt på middag en dag. Den sjuke naboen som hadde trengt ei oppmuntring. Den fortvila kollegaen som lengtar etter eit håpefullt og oppmuntrande ord.

For gjennom små ting gjort i kjærleik, kan Guds rike gradvis opnast opp og gjennom ditt liv kan dine medmenneske få oppleve Guds invitasjon.   

Med denne serien ønskjer vi å setje søkelyset på korleis vi kan leve på ein slik måte at fleire får ta imot ein invitasjon – frå Gud – om å komme heim. Vi er sjølv alltid mottakarar først – og så er eit naturleg aspekt av våre disippelliv å gje vidare det vi sjølve har fått.


Invitert - samling nr. 1

Invitert til kvile

Matteus 11, 28-30
PDF med gruppeopplegg

Vi startar her: «Kom til meg», seier Jesus. Han er gjevaren av kvile og eit åk (eit livsoppdrag) som er lett og godt. Vi inviterast til kvile – som Jesus vil gje oss. Akkurat som Adam og Eva sin første dag var kviledagen, er vår teneste og vårt liv meint å ta utgangspunkt i kvile. Men dette er ikkje ei type kvile som egoistisk koplar seg frå alt og alle, men ei kvile som koplar på. Ein grunnleggande kristen disiplin handlar om å ikkje fylle kalenderen og livet med meir enn du kan bære. Brukar du alle krefter på deg sjølv, har du lite og ingenting til andre.


Invitert - samling nr. 2

Invitert til omsorg

Rom 15,1-7
PDF med gruppeopplegg kjem

Der ligg ei stor omsorgsdimensjon i det å vere ei kristen kyrkje, fordi Gud inviterer inn til stor omsorg. Ber dei som er svake, tenk på kva som er godt for din neste – slik Jesus gjorde. Jesus er både ein gjevar og eit eksempel. Ta imot kvarandre, med alle feil og manglar som vi alle har. For gjennom å gjere det, gjer vi ikkje berre den andre godt – men det er også som ein lovsong: det gjev ære til Gud.

Omsorg erfarast ulikt, og ofte skal det ikkje mykje til. Kva om vi bakte bevisst omsorg inn i livsstilen vår? For ein invitasjon det ville vore!


Invitert - samling nr. 3

Invitert til ufortent godleik   

2.Sam 9, 1-13
PDF med gruppeopplegg kjem

Mefibosjet er kanskje ikkje den mest kjende fyren i bibelen, men han fekk ei uventa gåve. Han var lam, høyrde til i ei uglesett ætt: Han var son til Jonatan som var son til Saul, Israels første konge. Trass Sauls svik, ville Kong David gjere godt mot dei som var att i denne slekta. Og slik gjekk det til at den lamme mannen sat tilbords med kongen resten av sine levedagar. Ufortent nåde. Merksemd med positivt forteikn. Slik er Gud mot oss. Vi får det vi ikkje fortener. Tenk om menneske rundt deg kunne fått ein smak av dette?


Invitert - samling nr. 4

Invitert til nærvær

Job 2,11-13

PDF med gruppeopplegg kjem

Job er i stor smerte. Han har mista alt. Tre av vennene hans får høyre om dette og kjem til han. Dei ser han, men kjenner han nesten ikkje att, for han ser herja ut. Når dei oppdagar at det er han, gripe Jobs sorg og smerte venene. Dei breste i gråt, flerrar kappene sine og set seg ned. Ordlaust – i sju døgn – sitte dei med Job. Dei løyser ikkje Job sine problem, dei kan ikkje ta vekk smerta hans eller sorga hans. Men dei er der – saman med han.

Nærvær er undervurdert. Å ta del i andre sin skjebne er den beste gåva vi kan gje våre medmenneske. Har du tid til det?

Invitert - samling nr. 5

Invitert til gode gjerningar

Matt 5,13-16

PDF med gruppeopplegg kjem

Lys og salt; det er Jesu erklæring over korleis disippelfellesskapet i verden skal fungere. For gjennom det vert Guds invitasjon til å komme til han, bli hans barn, få del i evig frelse gjeve til verda. Det er slik Han har valt å gjere det, gjennom si kyrkje. Å gjere godt er ikkje noko som kvalifiserer oss for noko hos Gud, men eit resultat av at vi har fått erfart og tatt imot Jesu nåde. Kven kan du gjere godt mot og slik gje invitasjon til å ta imot alle gode gåver sin gjevar?

Invitert - samling nr. 6

Invitert til å invitere

Lukas 14,15-22

PDF med gruppeopplegg kjem

Guds rike er som eit gjestebod. Mange rike takkar nei – dei klarer seg sjølv eller er opptekne med sitt. Men invitasjonen står framleis. Det kan vere freistande for oss også å berre invitere dei som returnerer alle tenester, yter tilbake og som er gjevande å henge med. Men vi er kalla til å invitere. Ei ny undersøking frå Storbritannia syner at meir enn 75% av spurte studentar ville takka ja om nokon inviterte dei med i kyrkja. Noko å tenkje på?