Ofte undervurderer vi vår eiga historie. Kanskje er det litt jantelov inne i biletet? Eller kanskje tenkjer vi heilt ærleg at eg og mitt liv er så vanleg at det ikkje er så mykje å fortelje om? Men eg vil påstå at di historie er den nest viktigaste historia som finnast, og det er så viktig at du vert klar over kva som er di historie.
Den viktigaste historia vi som kristne kan fortelje, er evangeliet. Om trua vår på Jesus Kristus, verdens frelsar. Han som vart menneske i kjøt og blod, levde under same kår som oss, men som gav livet sitt så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt men ha evig liv.
Men kvar enkelt kristen har også ei forteljing. Om at det Jesus gjorde for alle menneske, gjorde han også for meg. At det Jesus vil gje til alle menneske, gav han også til meg. Men måten Han kom inn i livet mitt på, korleis det skjedde, og kva det gjorde og gjer med meg å få leve og vandra saman med Jesus, DET er DI unike historie. Det er historia om «Jesus og eg».
Og her er det som er så flott: Når vi fortel kvarandre desse historiene, så styrkar vi trua til dei som allereie kjenner Jesus. Det skapast ei kopling, fra liv til liv, som bind oss saman som eit søskenfellesskap. I møte med kvarandre sine «Jesus og eg» historier, er det akkurat som om Jesus vert tydelegare, klårare og meir konkret for oss. Det vekker takken og tilbedelsen i oss, og det vekker draumar og lengslar i oss som vi kanskje har undertrykt eller oversett.
Og så er det også slik at desse historiene brukast av den heilage ande for å skape tru i dei som ennå ikkje har ei tru. Tenk det! Difor: ikkje ver blyg med di historie. For Gud kan gjere store ting for andre gjennom dei tinga han har gjort for deg.
«De skal vere mine vitner», sa Jesus (f.eks Apg 1,8). Det er akkurat som han seier: «Igjennom dykkar vitnesbyrd skal nye menneske bli kjent med meg.» For det er det desse «Jesus og eg»-historiene er: vitnesbyrd. Vitnesbyrd om kva Jesus har gjort for meg og i meg. Og har han gjort dette i mitt liv – kanskje har han lyst å gjere det i ditt også!
Difor kan vi frimodig dele. Skal eg fortelje deg historia om Jesus og eg?
Jesus og eg - alle samlingar brukar same ark
No gjer vi noko litt annleis. På samlingane på Møtepunkt B får vi denne våren høyre nokre ulike trushistorier, eller vitnesbyrd, som vi òg kan kalle det. Og på smågruppetreffa fokuserer vi no på å fortelje trushistoria for kvarandre. Slik blir vi både betre kjent med oss sjølv og dei andre, og vi får øving i å fortelje om ein viktig del av livet som mange ikkje snakkar om så ofte. Vi bruker det same opplegget til kvar “forteljar”, og det er lurt at den som skal fortelje får sjå på spørsmåla på førehand.