Taleserie og smågruppeopplegg tidleg vår 2024

Omtale av serien og samlingane - PDF

Heile serien (4 samlingar) - PDF

Vi opplever livet både likt og ulikt. Alle har vi ei livskjensle, ei slags stemning som vi dreg med oss. Dei fleste har ofte ei lett og tilforlateleg forståing av at livet er no slik det er. Tidvis er vi heldige eller uheldige. No går det bra, no går det dårleg. Andre opplever at ein har tapt mykje igjennom livet, med dei kjenslene det dreg med seg. Nokre få kjenner kanskje at ein har vunne ein del, med dei følelsane det gjev. Uansett serverast vi hendingar og situasjonar som utfordrar oss til kamp. Slike enkelthendingar kan være livskriser; samlivsbrot, plutseleg dupp i mental helse, økonomi, dødsfall i nær familie o.l. Då mobiliserer vi det vi har, som i regelen kjennes alt for lite - og kjempar.

Men det er ikkje berre då, i krisene, at kampane står. Sanninga er at vi alle står midt i ein kamp som rasar både i oss og mellom oss. Ein kamp om liva våre. Den kjempast i oss. Den kjempast i samfunnstrendar og kulturen. Den utkjempar seg i relasjonar og fellesskap, i val og prioriteringar, i haldningar og verdiar. Kva liv vil eg leve? Kven vil eg vere? For dagar vert veker og månadar vert år, og plutseleg er livet gått. Var eg den eg ville være? Drukna det viktigaste bland alt det kjekke? Mista eg det mest verdifulle i jakta etter nyting? Dette er den menneskelege kampen. Den indre kampen. Ja, djupast sett ein åndeleg kamp.

Jesus kalla til seg ein gjeng med unge folk og sa følg meg. Og så leia han dei ut i eit liv som ikkje handla om å berre overleve eller bli rik eller å lykkast. Men å følge Jesus med heile livet sitt og vere hans vitne kor enn eg måtte ende opp – i det som er godt og det som er gale. For det er her du kan finne livet med stor L. For i Jesus finn vi svar på dei store livslengslane våre og meining i livet og haldepunkt for tilværet. I trua på han finnast alle ressursar for å leve.

Å vere ein kristen er på mange måtar å få både eit heilt nytt utgangspunkt for livet, men også eit heilt anna mål for livet. Den dårlege nyheita til oss som er kristne er at det å bli kristen ikkje gjev deg færre kampar å kjempe, men fleire. Den gode nyheita er at den verkelege kampen er vunnen for deg og dei kampane du må stå i her, dei står du ikkje åleine i.

I denne serien vil vi løfte opp fire av desse kampane som vi alle, uavhengig av livssyn, sterk eller svak tru, står i og som vi ikkje berre ristar av oss og vert ferdig med. Vi vil invitere til bevisst kamp og løfte fram utrustninga Jesus gjev for å stå i kampen. Den store utfordringa til oss, midt i kampens hete, er å være bevisste på kven vi er og kva vi har – og leve deretter i intensjonelt disippelsskap.


Kampen - samling nr 1

Kampen om sanning

Det som er sant er det vi ønsker å bygge på. Det er liksom her vi tek sats og orienterar oss vidare. Vi lev i ei tid med fake news, falske fakta og ulike verdsbilete som kræsjar saman. Kva er sant og kva er løgn? I særs stor grad er også vår tid prega av ein postmoderne filosofi som ikkje først og fremst tenkjer at sanning er det som korresponderar med verkelegheita, men det som harmonerer med våre individuelle kjensler og opplevingar av oss sjølve. Det som er sant blir då det som opplevast relevant og fint for meg. På mange måtar er vi tilbake i Edens hage der det lokkast og kviskrast frå graset: har Gud verkeleg sagt? Og med såast det kontinuerleg ein tvil om det Gud vil er godt og sant, for det høyrast jo innmari forlokkande ut å definere alt sjølv.  

Pilatus spurte Jesus om kva sanninga er. Lat oss også gå til han med dette spørsmålet.


Kampen - samling nr 2

Kampen om tid og prioriteringar   

For mange av oss er tid noko vi ikkje tenker på som ein knappheitsressurs. Men vi er gjeve ei tilmålt tid, og det går an å tøyse den vekk. Vi kan rote oss opp i mange ting som kan vere både interessante og spannande og gje ei kjensle av mening, men som ikkje er det viktigaste, beste og mest verdifulle. Sjølv om vi, ironisk nok, har fleire tidsbesparande hjelpemiddel enn nokon annan generasjon før oss har hatt, er travelheit og tidspress likefullt eit stort problem for mange av oss.

Guds rike, sa Jesus, liknast ein såmann som er ute og sår – og kastar om seg med sitt heilt spesielle korn, nemleg Guds livgjevande ord. Men alt hamner ikkje i god jord. Jesus forklarar at sjølv om Guds Ord er for alle, er det av ulike grunnar ikkje alle som tek imot. Og det er her vi skal late oss utfordre: er det noko viktigare og betre å prioritere tid på enn å tileigne seg dette Ordet, når det er det som gjev liv? Er det noko anna som er viktigare å gje barna våre enn dette? Er det andre fellesskap som er viktigare å vere i enn i det fellesskapet som møtes for å dele dette Ordet?  


Kampen - samling nr 3

Kampen om balanse        

Balanse er vanskelig. Det er sant at vi vert meir og veks når vi strekk oss, pushar oss litt. Som styrke og kondisjon er grenser noko som kan utvidast. Men ikkje alle grenser kan flyttast på. Ja av og til flyttar dei seg sjølve og handlingsrommet vårt opplevast innskrenka. Vi kan t.d. jobbe mykje, men ikkje kvilelaust. Vi kan bli sjuke og må omstille til eit anna livsmønster enn vi hadde før.

På mange måtar er våre unge år ein jakt etter identitet, og ei oppdaging av at livet ikkje er ubegrensa eller utan grenser. Og ofte er det i ytterkantane våre vi leitar mest etter oss sjølv. Kan eg bli han som jobbar veldig hardt og mykje? Kan eg bli ho ansvarsfulle som aldri sleppe ballen? Kan eg verte han superdyktige eller ho kunnskapsrike? Men kor tid er vi nok? Kortid er vi for lite? Eller too much? Og korleis finne fred i møte mellom ideala og det verkelege? For det er i gapet mellom desse to at ubalansen bur.

Jesu freistingar i øydemarka er ein massiv test på hans identitet. Er han fornøgd med å gå Fars ærend i denne verda, eller vil han plusse på med popularitet, beundring og primært dekke eigne behov? Vil han bli alt det han kunne blitt, for sin eigen del, eller alt det han var sendt for, for vår del? 


Kampen - samling nr 4

Kampen om tilfredsstilling

Matt 11,25-30

PDF med gruppeopplegg

På mange måtar er livet eit prosjekt der vi gjer ein heil masse greier for å tilfredsstille ymse behov vi har. Mat og søvn for eksempel. Men vi har også behov for å høyre til. Behov for aksept, for å vere frie, for å kjenne tryggleik, kjærleik, glede. I og for seg viktige ting, alle verdt å kjempe for. Vi er vand med å tenke at dette må vi legge litt innsats i om vi skal få erfare det. Men kva skjer med liv som gjer gode ting om til absolutte, ultimate ting? Og kva skjer med liv som set alt inn på å få tak i det?

Og kva skjer, som det oftast gjer, når du endeleg har oppnådd, fått til, klart det? Oppdagar vi ikkje då at det vi trudde vi skulle få når vi endeleg kom i mål, i beste fall var kortvarig, i verste fall berre ein skugge?  

I vår urolege tid er det mange som med intens kraft kjempar for å få fred og ro. Ikkje minst sjelefred eller sinnsro. Jesus seier: kom til meg og eg vil gje dykk kvile. For er det ikkje slik: våre hjarte er urolege inntil dei finn kvile i/hos Gud? Kanskje Augustin hadde rett. Vi får ikkje ut av skapte ting det som kun skaparen kan gje oss.