Taleserie og smågruppeopplegg sein vår 2024

Omtale av serien og samlingane - PDF

Heile serien - PDF

Å leve er å være sårbar. Ingen av oss er usårlege. Og ganske tidleg finn vi ut av at det er både usikkerhet og risiko ved å leve. Du er emosjonell utsett. Som best vi kan freistar vi å manøvrere eit stort dilemma: På den eine sida søkjer vi meiningsfulle kontaktar med andre menneske. På den andre sida er vi redde for avvising, så vi har lært å gøyme oss. Dette gjer fellesskap til både det vakraste og vanskelegaste som finnast. For det frie, reservasjonslause og ubetinga livet er på ingen måte ein sjølvsagt ting etter Edens hage. No må vi handtere både behovet for å bli sett, høyrt og kjent og samstundes frykta for at dette kan jo gå skikkeleg gale. Kan vi stole på andre? Kan eg stole på meg sjølv? Kva om eg vågar å elske, men mister den eg elskar? Kva om eg tør seie kva eg eigentleg føler, men dei andre berre ristar på hovudet?

På mange måtar er livet ei vandring der vi akkumulerer sår og arr frå slaga livet gjev. Nokre ting ristar vi lett av oss. Mange ting klarar vi å komme til rette med. Andre ting vert meir varige og pregar oss lenge eller for resten av livet.

Det er sårbarheita i livet: vi har fått sår, vi kjem til å få nye sår. Alle må finne måtar å handtere sårbarheit på og det er eigentleg berre ein ting som er sikkert: du kan ikkje velje den bort. Vil du leve heilhjarta er sårbarheit heilt essensielt, nemleg. Å oversjå den vil ganske enkelt sabotere livet.

Dette er ein serie om sårbarheit og korleis vi kan komme til rette med den i liva våre. Det er ein serie som vil minne oss om at vi er uperfekte menneske som treng kvarandre. Og det er ein serie om kva ressursar Jesus har for den som vil følge han, også i og med sårbarheita si. Kva skjer når vi i vår sårbarheit får møte tilgjeving, nåde, fellesskap, Guds allmakt, hans sanning og rettferd? Eller ha med ein Gud å gjere som har som sin primære intensjon å frelse deg, setje deg fri og trygge deg som sitt barn?


Sårbar - samling nr 1

Det å våge

Matteus 14,22-33
PDF med gruppeopplegg

Å våge sårbarheit er det første skrittet mot meiningsfulle kontaktar med andre. Det gjer at mot er verdt å tenke litt over og øve seg på. For det krevst mot for å våge sårbarheit. Det krevjast mot når du sårbart deler ein draum, eit behov, eit ønske, ei meining. Og det krevjast mot for å bevege seg frå ein plass til ein annan i håp om at noko kan verte betre.

Jesus møter sine disiplar der dei livredde ror for livet i opprørt hav og hylande vind. I denne sårbare situasjonen kjem Jesus gåande mot dei på bølgjene og det første Jesus seier til dei er: Ver ved godt mot! Og Peter vert invitert ut i usikker, risikofylt vandring mot Jesus på høge, frådande bølgjer.

Det første skrittet krev alltid litt ekstra mot. Og jamvel om motet skulle svikte, for mot åleine tar deg aldri heilt fram, er Jesus der med si frelsande hand og kan dra oss opp att.


Sårbar - samling nr 2

Ei gåve til fellesskapet   

Dersom alt skal vere perfekt, alt skal vere strigla og alt må vere på ein bestemt måte, tenkjer eg: her er det ikkje plass for uperfekte meg. Sårbarheita vår ei gåve til fellesskapet fordi den gjev rom for det uperfekte. Sårbarheit skapar og styrker fellesskap, fordi sårbarheita er vegen til meiningsfull kontakt med andre. Det å gje og ta imot hjelp frå kvarandre, det å be for kvarandre, det å lytte til og forstå kvarandre, ikkje berre dei tinga som går bra, men også der det gjer smerteleg vondt: DET gjev varme, hjarte og tilhøyrsle i eit fellesskap. Rundt behova til den lamme mannen vart det forma eit fellesskap, eit fantastisk, takknusande, kreativt,

båreberande, Jesusvendt, omsorgsfullt fellesskap. Jesus sjølv let seg begeistre av dette fellesskapet. Han såg deira tru. Og han som hadde våga sårbarheit, tillate sin sjukdom å vere synleg, han får ta imot tilgjeving og lækjedom.

Sårbarheit er ei gåve til fellesskapet!


Sårbar - samling nr 3

Lat skamma fare        

Johannes 21,15-19
PDF med gruppeopplegg

Skam og skuld heng saman, men det er skikkeleg, skikkeleg viktig å ikkje blande dei saman. Skamma vender nemleg blikket innover på meg sjølv. Skyld handlar om at eg har gjort noko gale. Skam handlar om at eg ER noko gale. Skamma har to mantra som den køyrer på med inni oss. Først: Du blir aldri god nok. Dernest: Kven trur du at du er? Skamma er slik ei utruleg sterk kraft som gjer alt ho kan for å halde deg nede og fanga.

Hemmeleghald, stillheit og dom er dei tre tinga som får skamma til å vokse. Empati er faktisk det som får skamma til å minske.

Peter sin samtale med Jesus på stranda er nydeleg i så måte. Mannen som banna på at han ikkje kjende Jesus får ikkje berre tilgjeving for skuldkjensla han garantert bar på. Jesus set han fri frå den vel så sterke skamma som hadde fått tak - og reiser han opp att.


Sårbar - samling nr 4

Lækjedom

Vi avsluttar denne serien der alt liv, all tru og all frelse stig opp frå. Det er igjennom Jesu sår vi får lækjedom. Ikkje igjennom styrken hans eller evne til å tvinge igjennom sin vilje. Men gjennom hans sår. Det er igjennom Jesus som vert såra for våre brot at tilgjeving og frelse kjem vår veg. Gud valde å bli sårbar og gjennom sårbarheita gav han livet for oss. Han heldt dom over oss på seg sjølv. Han betalte prisen for vår skuld, for det vi har gjort. Han tok på seg vår skam – han var det vi i oss sjølve ikkje kan vere.

Sårbarheit er noko vi må leve med, det er ikkje ein tilstand som kan eller skal helbredast. Men nettopp gjennom sårbarheita vert helbreding gjeve til verda. Kanskje skulle vi også våge tanken på at det er gjennom vår eigen sårbarheit at gode krefter vert sleppte laus i dei som ser dine kampar og kan tenke: du også – då er eg ikkje åleine.