Taleserie og smågruppeopplegg haust 2024

Omtale av serien og samlingane - PDF

Smågruppeopplegg for heile serien - PDF

Dette smågruppeopplegget ligg her gratis og tilgjengeleg. Men har du nytte og glede av det, så vipps gjerne ein slant til Møtepunkt B på vippsnr. #540162 og merk med “takk for smågruppeopplegg” eller liknande.

Om du likar å høyre talane først, kan du vere merksam på at rekkjefølgja på gjennomføringa av serien på Sandane bedehus hausten 2024 blei litt annleis, og startar med tema 3, så 1, så 2 og så 4.

Mange delar av kristenlivet er lett å forklare og invitere andre inn i. Fellesskapet, songane, kjensla av det heilage og sjølve oppdraget er konkrete, attraktive element ved truslivet. Men kjernen i det å vere kristen, eller «faktagrunnlaget» om du vil, kan vere vanskeleg å få heilt taket på. For korleis stemmer Bibelen, og det han seier om skaping og moral og om Jesus som stod opp att med det vi elles veit, med både vitskap og med det verkelege livet? Om vi er usikre, så har vi lett for å leggje dette til side enn så lenge. Vi tar det ein annan gong.

Men plutseleg: Livskrisa kjem, nokon i menigheten er ufine, songane kjennast flate, nokon stiller deg til veggs. Er det då hald i kjernen? Må alt då «dekonstruerast» og kanskje forkastast?

Denne serien er laga for at du skal få utforske nokre viktige delar av trua, oppleve at det kristne verdsbiletet toler kritiske blikk og at det finst kloke kristne som har tenkt (til og med ulike) tankar i hundrevis av år om dette. Kvar samling er på langt nær nok til at du kan kome til botnen i emnet, men enorme mengder stoff er tilgjengeleg for den som er interessert, sidan kristne har tenkt, debattert og diskutert desse tinga lenge. Det ligg òg nokre videosnuttar om kvart tema på nettsida for smågruppeopplegget.

Tenk om vi kan stole på at vi kan la kristentrua henge saman med det verkelege livet. Kanskje går det an å tru –  sånn heilt seriøst?


Seriøst?- samling nr 1

Det vanlege synet på universet heilt frå Aristoteles til og med Einstein var at det alltid hadde eksistert. Først på 1920-talet kom ein vitskapleg teori om at alt hadde hatt ein start i eit ørlite punkt, frå den belgiske presten og astronomen Georges Lemaître, og styrka av mange seinare oppdagingar. «Big Bang», som teorien blei kalla, blei forbode i det kommunistiske Sovjetunionen og mislikt av mange vestlege vitskapsfolk fordi han likna for mykje på dei første sidene i Bibelen. Nyare innsikt viser òg korleis både universet og jorda verkar ufatteleg fininnstilt for å tillate liv.

Kristne kan tenkje ulikt om kva «dag» betyr i denne teksten, og i kor stor grad dei ulike delane av skapinga forklarast med Guds direkte inngripen, eller om han har lagt til rette for naturlege prosessar. Men vi kan uansett vere heilt seriøse på at vi lever i eit univers som starta med at Gud sa: «Bli lys»!

Anbefalt lenke: snakkomtro.no si samleside om vitskap og skaping


Seriøst? - samling nr 2

Bibelen, seier du? Basere livet sitt på støvete tekstar som blei fortalde om att og om att og så skrive ned i bronsealderen og så endra av gamle munkar for kvar omsetting? Nei takk, vil mange seie. Men er det slik det er?

Det er sant at GT først var munnleg, før det blei skrive ned. Men kulturen for munnleg overføring var enormt nøyaktig. Og rullane frå over 2000 år sidan som blei funne ved Qumran ved Dødehavet viser at tekstane har heldt seg ganske like frå då. Og NT, då? Vi har 5850 greske NT-manuskript, skrivne frå 25 år etter hendingane, med eldste kopien av Joh. frå 40-60 år etter førsteutgåva. Vi har til samanlikning 10 manuskript av Cæsars «Gallerkrigane», den eldste kopien frå over 900 år etter hendingane! Faktisk er det ingen andre tekstar frå antikken som er i nærleiken av å  ha så god kjeldedekning som evangelia og breva. Bibelen fortener å bli tatt seriøst!


Seriøst? - samling nr 3

At du må «leve di sanning» er eit av dei store slagorda for vår tids individualisme. Utan at vi nødvendigvis tenkjer over det, har uttrykk som «sant for meg..» eller «i mi verd, så..» tatt plass i språket vårt. Mange blir fyrt av tanken på retningslinjer for korleis alle burde leve liva sine. Om det i tillegg er kristne som kjem med slike påstandar, ja då kan det smelle.

Men der den gamle kristne moralen er avskaffa, der kjem den «nye moralen» snikande. Du skal nemleg  alltid vere den beste versjonen av deg sjølv. Og «deg sjølv»  skal du vere minst 110%, og i alle fall følgje draumene og kjenslene dine. Puh…

Paulus held i staden fram ein heilt logisk samanheng: Dersom Gud skapte universet og har lagt ned sitt bilete i menneska, så er det frå han vi har evna til å skilje godt og vondt. Derfor kan vi ta spørsmålet om moral seriøst.


Seriøst? - samling nr 4

Etter langfredag ville Jesus-rørsla vore død, slik som eit utal andre folkerørsler og religiøse rørsler gjennom historia. Om ikkje det då hadde skjedd noko på påskedags morgon som fullstendig endra dei redde og nedslåtte etterfølgjarane. For dei gjekk frimodige ut i gatene i den same byen som hadde sett Jesus døy, og fortalde at han no var levande igjen!

At 1) Jesus døydde ved krossfesting, 2) grava var tom og at 3) mange opplevde å sjå Jesus oppstått er argument som toler kritisk gransking, og som fungerer utan at nokon først må godta Bibelen som sann.

Den nesten livslangt ateistiske filosofen Anthony Flew sa det slik: «Beviset for oppstoda er betre enn noko anna hevda mirakel i nokon annan religion. Det er eineståande ulikt i kvalitet og kvantitet.»

Vi kan altså ta oppstoda fullstendig seriøst!