Omvending er ikkje, som mange kanskje trur, eit slikt forferdeleg prosjekt der du må velte deg rundt i eit negativt menneskesyn og konstant føle at du aldri strekk til.
Sjølvsentrert anklage og himmelvend reorientering er ikkje det same. Det første er sjølvfordømming. Det siste gjev moglegheit til å starte på nytt.
Å snu seg mot Gud er eit kall som går ut til kvar enkelt av oss. Det er ikkje til alle andre – berre. Det er til deg. Livet ditt er på veg i alle slags retningar. Det er godt og gale, surt og søtt i ditt liv som alle andre sitt. Du gjer val og prioriterer og ikkje alltid følgjer vi Guds vegar og hans vilje. Men ved sin nåde kallar han oss til fridom og ny start og tilbyr oss tilgjeving, liv og frelse, om vi berre vil vende om. Det kan vi gjere, for første gong når vi tek imot trua på Jesus. Seinare kallast vi til dagleg omvending, der vi alltid søkjer å (re)- orientere livet i lys av Jesus Kristus
Snu - samling nr 1
Kallet til omvending er kanskje lettast å sjå korleis andre har bruk for å høyre. Vi har nemleg ein eigen evne til å bagatellisere vårt eige rot og skjønmale våre eigne intensjonar.
Men når vi vert ramma av andre sitt rot, er vi nok alt i alt mindre klare til å gje ei like raus forståing av både personen og situasjonen. Difor er kallet til omvending eit kall som rettar seg til kvar enkelt av oss, ikkje berre dei andre.
Utan å oppheve forskjell mellom godt og gale, sant eller urett, åtvarar Paulus oss mot å dømme andre. For ei kynisk og vondsinna fordømming av andre sin vondskap, er like vondt som vondskapen som vert fordømt.
Difor kallar ein tolmodig og god Gud oss alle til omvending.
Snu- samling nr 2
Frå tidenes morgon har ikkje freistinga vore å utelukkande gjere vondt og øydelegge.
Freistinga har ligge i at vi sjølv kan definere alt som er godt og vondt og manøvrere livet sjølv mot det betre. Men allereie på bibelens første sider får vi ei fortelling som stikk kjeppar i hjula på denne overtrua på menneskeleg kapasitet til å handtere godt og vondt. I jakta på lykke, kjærleik, fridom og fred produserast enorme mengder ulykke, frykt, fangenskap og krig.
Eit sobert blikk på historia og eiga samtid avslører blindvegane vi har gått og framleis går.
Gud kallar oss til å snu, og vende tilbake. Til der Gud får vere Gud og vi er hans menneske.
Snu - samling nr 3
Så korleis ser det ut, dette med omvending? Kva skjer når vi snur oss og vender blikk og liv mot Gud? Jesus gjev eit glitrande eksempel på denne reorienteringa av det indre livet, når han held bergpreika.
Gjennom å leie disiplane inn i observasjonar, refleksjonar og samtalar, skapar han eit nytt sinn, ny tenkemåte, nye perspektiv - som vidare dannar grunnlag for oppgjer, ny erkjenning og vidare livsforvandlande tru.
Å omvende seg følgjer dette mønsteret. Somme gonger går det fort, andre gonger sakte. Uansett: omvendinga fører til at retninga justerast ut ifrå kompasset.
Snu- samling nr 4
Guds løfter til dei som vender om mot han er fantastiske og store. Kan dei vere annleis? Nei, for når vi vender om og snur oss mot Gud, så snur vi oss mot han som er livets kjelde. Alt godt kjem frå Han. Han er kjærleik, han er rettferd, i han er det fridom. Han er forfattaren av all glede og grunnleggaren av all fred.
Å snu, vende om, er med andre ord i sette kursen rett mot kjelda til alt godt. Det er dermed ikkje sagt at det er enkelt. Det ligg jo i ein kvar snuoperasjons natur at retninga eg tidlegare hadde har vore feil eller mangelfull.
Men smerta med å svelge unna stoltheita og nederlaget er ingenting samanlikna med lindringa og livsfylden som er å finne hos Jesus