Taleserie og smågruppeopplegg tidleg vår 2023

Omtale av serien og samlingane - PDF

Alle gruppeopplegga som samla PDF

Jesus kalla konsekvent Gud for far. Når han lærer sine læresveinar å be, legg han inn over dei at dei også kan kalle Gud for Far. «Vår Far i himmelen...»  Det betyr at vi alle saman, er Guds barn. Han er pappaen vår, vi er søner og døtrer.  Slike tette familierelasjonar triggar både gode og dårlege minner for dei fleste av oss. For dei som har hatt ein fråverande far, ein som var lite heime eller som på andre måtar såra og krenka borna sine, kan det vere krevjande med dette. Andre, som har mange gode erfaringar med sine fedrer, er dette ubetinga positivt. Gud vil uansett vere ein annleis Far og meir enn det du har erfart frå dine jordiske fedrer. Han vil vere ein God Far, ein som ser og som aldri stikke eller vil dominere deg eller halde deg nede. Han vil løfte deg opp, elske deg og verne deg gjennom heile livet. Han elskar å sjå deg vokse, ta nye steg, la det frøet han har lagt ned i deg spire og gro.

Ein annan ting Jesus gjorde, var å ha plass og rom og tid for barna. «La dei kome til meg og hindra dei ikkje – for Guds rike høyrer slike til», sa Han. Vi er invitert inn i Guds familie, store og små. Trua på Jesus blir gjeve vidare kanskje først og fremst i kjernefamilien og gjennom dei truspraksisane som skjer i heimen. Men like viktig er barnearbeidet i menighet. Også her er ein familie vi høyrer til i. Her får barna innhald og truverdet til den trua ein ofte kan tenke på som noko sært med berre vår vesle kjernefamilie. Men å møte jamaldringar og andre vaksne som snakkar om Jesus, som ein kan spegle seg i og lære av – det er gull verdt. Difor er barnekyrkja eller søndagskulen i Møtepunkt B så viktig, og faktisk ein del av vårt felles ansvar som menighet. Barna i menigheten høyrer til her, og alle vaksne har del i ansvaret om å gje barna Jesus. Klarer vi ikkje dette, er det starten på slutten. Barn og unge sin trivsel er superviktig for oss – vi ønskjer at dei skal få vener her, ha det kjekt og få møte Jesus.   


Som barn - samling nr 1

Gje det vidare

5. Mosebok 6.4-9
PDF med gruppeopplegg

I kanskje den viktigaste teksten for jødane, deira truvedkjenning: Herren vår Gud, Herren er èin – så finn vi umiddelbart i versa som følgjer ei oppmoding om kva som er det viktigaste å  gjer om ein skal leve ut denne vedkjenninga: Å ta vare på Ordet hans i våre eigne hjarte og dernest gje det vidare til våre barn. Tru er ikkje ei vaksengreie, men det er for barna også. Kristenlivet er for barn også! Gje det vidare! Kyrkja er alltid berre ein generasjon frå å måtte legge inn årene. I vår sekulære samtid er det kanskje viktigare enn nokon gong å ha fokus på å gje det vidare. Vi kan ikkje rekne med draghjelp frå eit kristent skuleverk eller eit kristent storsamfunn. Det Ordet vi sjølve har motteke, må vi finne gode måtar å gje vidare til barna våre. Det er i dette lyset vi har barnekyrkje på Møtepunkt B! 


Som barn - samling nr 2

Bli som barn

Matteus 18, 1-5
PDF med gruppeopplegg

Mange av oss kan kjenne på ambisjonane frå tid til annan. Eit ønskje om å bli noko stort eller gjere noko stort. Jesu læresveinar lurte også på dette: Kven er det som har posisjonar og er store i Guds rike, Jesus? Underforstått: korleis kan vi verte ein av dei? Jesus parerer heile greia med å setje eit barn midt i mellom dei (som indikerer at barna hadde plass rundt Jesus)og seie: slike barn er dei største i Guds rike. Bli som dei. Undrande, spørjande, nysgjerrige. Tillitsfulle, ærlege og med behov for rettleiing. Å omgje seg med barn, å lære dei om Jesus, endar som regel opp med å gje minst like mykje tilbake, fordi vi gjennom deira vesen kjem i kontakt med livet og leiken vi er skapt til. Når vi tek imot et barn, er det som om vi tek imot Jesus sjølv!


Som barn - samling nr 3

Barnekår og tilgang til Far

Romarbrevet 8, 14-17
PDF med gruppeopplegg

Kortid ropa barn på pappaen sin? Som regel er det i heilt udramatisk, kvardagslege settingar. Hjelp meg med noko, kan du fikse? Kom å sjå! Kan eg få lov til å.... kan du vere med å spele fotball. Slike ting. Dei ropar etter avklaring, involvering og nærvær. Nokre gonger er ropa høgare, meir intense: hjelp!! Eg er redd! Dei ropar etter tryggleik og hjelp når det er fare på ferde. Og nokre gongar ropar dei i rein begeistring og glede. Pappa!!! Du kom. Du er her.

For Paulus er barnekåret noko den heilage Ande skapar i oss. Det er Anden som gjer oss til Guds barn. Arven er dette evige barnekåret med den opne tilgangen til vår himmelske Far i dei store krisene, dei mest fantastiske oppturane og i det heilt kvardagslege. Vi har ikkje berre ein stor rikdom i vente ein gong der framme, men vi kan leve i den no, som Guds born


Som barn- samling nr 4

Lat dei små kome til meg

Markus 10,13-16
PDF med gruppeopplegg

Veldig sjeldan står det i bibelen at Jesus vart sint. Men han vart det her – når nokon meinte at Jesus var for oppteken med viktigare ting enn å ta imot barn. Om vi skulle vere i tvil: Jesus er superoppteken av barna. Han har tid til dei, plass for dei. Ønskjer å vere saman med dei. Og når nokon søkjer å hindre tilgangen til Jesus for barna, skapar dette sinne hos Jesus. Ein menighet som lyttar meir til vaksne sine behov og ønskjer står i fare for å gjere det same som disiplane den gongen. En menighet som har tid til alt anna enn barnearbeid må spørje seg om det er dags å gjere noko med prioriteringane her

Som barn- samling nr 5

Barna i menigheten

Johannes 6,5-13
PDF med gruppeopplegg

Brødunderhistoria er ei ganske kjent underfortelling frå bibelen. Om korleis Jesus på mirakuløst metta 5000 (forutan kvinner og barn) med berre 5 brød og 2 fisk. Men kven er det som har desse brøda og fiskane som vert brukt til å gje så mange menneske mat? Jo, det var eit barn. Tenk at den utrustninga og dei ressursane som eit barn kjem med, om det så berre er litt brød og fisk, kan brukast til store ting i Jesu hender! Kva kan vi lære her? Jo, kanskje at det å involvere barn i både teneste og i det kristne livet er heilt naturlig og glitrande logisk. Som om vi vaksne har, når alt kjem til alt, så mykje meir å rutte med. Denne gangen skal denne teksten få utfordre oss til å ikkje dra opp stigen etter oss, men ta med oss barna inn i teneste.