Taleserie og smågruppeopplegg seinhaust 2022

PDF med alle gruppeopplegga samla

Tru er veldig mykje meir enn å halde eit sett med sanningar fast i mitt eige hovud. Det er meir enn min private måte å sjå på livet og verda på. Trua er ikkje berre ei sånn indre emosjonell greie. Tru er ei gåve, skapt av den heilage Ande og gjeve oss av rein nåde. Tru er tillit til at Jesus er den han sa han var. Trua set deg i livsforbinding med den levande og oppstadne.

Trua er vissa om det usette, håpet om at du står forankra i Han som kjærleg held deg fast i livets stormar.  Og trua syner seg i det levde livet som baserer seg på at Jesus Kristus er Herre – og at dette er sant: i ord og gjerning, i dei vala vi tek og dei prioriteringane vi gjer. Difor er trua noko som gjer seg synleg i eit liv. Den kan ikkje gøymast bort eller skyvast under teppe. For trua vil alltid, i lydnad mot Jesus, følgje Han ut i relasjonar og på arbeidsplassar og i måten ein fyller ulike roller på. Trua vil syne seg i pengebruk og fokus. Trua vil syne seg i behovet for å vere ein del av eit trusfellesskap - ei kyrkje. Og den vil gje seg utslag i verdiar og haldningar som ein har.

Som du skjønar: Å tru er veldig mykje meir enn å tenke tankar om korleis ting heng saman og kva eg personleg føler er sant.


Tru - samling nr 1

i relasjon

Galatarbrevet 4, 1-7
PDF med gruppeopplegg

Tru er ikkje først og fremst mange førestillingar som bur inni hovudet vårt om Gud og frelse og slike ting. Tru er først og fremst ein relasjon. Vår Gud er Far, Son og Ande. Jesus kalla nesten utan unntak Gud for Far, og det gjer oss alle, i trua,  til Guds barn. Vår tru er ein relasjon der Gud er vår far og vi er hans born. Det gjev oss ein status, ein arv og ein plass i ein søskenflokk. Gal 4,1-7 tener som ei konkretisering av det Paulus har snakka om frå v 26 i kapittel 3: «De er alle Guds born i trua, i Kristus Jesus». Så det viktigaste vi kan seie og forstå om tru, er at det er ein relasjon!


Tru- samling nr 2

med ord

Romarbrevet 10, 9-18
PDF med gruppeopplegg

Språk og ord fangar merksemda vår, formar verkelegheita vår og let oss formidle både korleis vi har det, kva vi tenkjer på og føler. Trua treng også ord, og ikkje heilt tilfeldig startar Johannes sit evangelium med å identifisere Jesus som Ordet; den djupaste meininga. Jesus er Guds formidling til oss. Tenk litt på det. Og trua treng også ord for å peike mot Jesus på ein måte som gjer at stadig nye kan møte Han. Mange kristne syns dette er vanskeleg. Kanskje slit vi med å finne dei rette orda. Kanskje tenkjer vi at trua er ei privatsak? Blir vi redde for å prakke ho på andre, eller kjennast det for intimt? I dagens tekst vert vi minna på og oppfordra til å sette ord på trua vår.


Tru - samling nr 3

med handlingar

Jakobs brev 1, 19-25
PDF med gruppeopplegg

Sidan trua er relasjon, treng ord og ikkje berre er filosofi eller min måte å tenke om røyndomen på, vil ekte tru uunngåeleg lekke ut i livet. Vi lev ut den trua vi faktisk har meir enn vi har den trua vi seier vi har. I følgje Jakob er kunnskap åleine ubrukeleg. Vi må omsetje den til levd liv, til handlingar. Det å kjenne til kva som står i Bibelen er ikkje åleine poenget. Det er å lyde dette ordet, gjere etter det – DET er det som skapar eit heilt, integrert og autentisk kristenliv. Her utfordrast vi på djupet, for vi veit jo og forstår at det vil koste oss å følgje Jesus. Jakob går så langt at han seier at tru utan gjerningar ikkje er noko tru i det heile.


Tru- samling nr 4

med frimod

Apostelgjerningane 17, 19-31
PDF med gruppeopplegg

 Frimod er eit typisk kristenord. Det handlar om eit mot som fritt kan få utfalde seg i ord og handling. Frimod er trua sin gode ven! Paulus skammar seg ikkje over evangeliet, ber vener og kjende om å be for han at han med frimod må få halde fram å forkynne evangeliet og drive vidare i tenesta si som misjonær. Og i vår tekst får vi eit eksempel på korleis han gjer dette i praksis. Frimodig på Jesus sine vegner, frimodig på å bruke kulturen sine tilknytingspunkt for evangeliet, taler han til masse folk som ikkje umiddelbart forstår han og ikkje utan vidare vil han vel. Kanskje har vi noko å lære ved å la oss inspirere av Paulus?