Taleserie og smågruppeopplegg vår 2022

Daniel og kompisane hans lev livet som bortførte menn i ein framand kultur, langt heimanifrå og langt unna det livet som jødar i utgongspunktet skulle leve. Språket er nytt. Maten er ny. Kulturen er ny, religionen er nytt. Dei er jødar i eksil.

Babylon er ein metropol og ein smeltedigel og gjev både freistingar og utfordringar for Daniel og venene. Kva betyr det å være jødisk minoritet i ein kultur som er så annleis? Andre verdiar, anna verdsbilete, anna forståing av det meste, eigentleg. Korleis behalde og bevare sin jødiske identitet i eit samfunn som tyrannisk vil forme deg til å akseptere og omfamne det nye og tvinge deg til å fortrenge, gløyme og gøyme den du er og det du verkeleg trur.

Korleis ha håp i ein slik tilværelse? Og korleis halde fast i håpet når slike erfaringar av å vere ein framand vert fleire og fleire, varer i tid og du ikkje ser nokon ende på det? På mange måtar er boka sitt hovudspørsmål: korleis lev vi trufast og med håp midt i ein kultur som er fiendleg innstilt til det vi trur, og dermed til dei som trur?     

Daniel og venene hans lærte språket, skifta ut kleda sine med nye babylonske klede. Dei fekk og haldt statlege jobbar og arbeidde for Babylon. Ingenting av dette vart sett på som kompromiss med trua dei hadde. Det er på ingen måte slik at ein kristen motkulturell minoritet er motivert av forakt for den dominerande majoritetskulturen eller prega av berøringsangst eller intense behov for å halde seg sjølv borte eller «rein». Det handlar djupast sett om kor lojaliteten vår ligg.

Og sjølv om boka kan opplevast som merkeleg i innhaldet sitt: det er draumar og draumetyding, drakar og monster, eldovnar og løvehuler, syner og visjonar – så er det likevel så mykje meir til Daniels-bok enn profetiske spekulasjonar om endetid og åndeleg verkeligheit, så mykje meir enn ei retusjerte barnebokfortelling om løvehula. Det er ei bok, eit vindauge inn i korleis Daniel og venene hans handterte det som ein kvar kristen og eit kvart kristent fellesskap også må handtere i si tid og på sin plass: Korleis leve trufast med vår Gud i møte med vår kultur, også når den reiser seg mot oss og flekker tenner som eit monster. Opp igjennom historia har stort sett Guds folk vore ein motkulturell minoritet. Det krevjast ingen ting av oss å la oss drive med straumen, men det krevjast stor innsats, fokus og intensjon for å leve som etterfølgjarar av Jesus.

Dette skal vi utforske i denne serien.



Trufast i eksil - samling nr 1

draumar og falske gudar


Trufast i eksil - samling nr 2

når politikk hevdar guddommeleg autoritet


Trufast i eksil - samling nr 3

supermonsteret og sonen


Trufast i eksil - samling nr 4

så rettferdig


Trufast i eksil - samling nr 5

håp i røffe tider